Venstre-forslaget om å sende jordbruksoppgjeret tilbake til partane med ei ramme på 625 millionar kroner, og nokre føringar, vil få fleirtal på Stortinget. Det varslar både Høgre og Frp.

– Skuffa over eige parti

Måten Venstre har handtert jordbruksoppgjeret i år får kraftig kritikk frå partiets tidlegare landbrukspolitiske talsperson på Stortinget, Leif Helge Kongshaug, som òg har vore statssekretær i Landbruks- og matdepartementet for Venstre.

– Eg er skuffa over mitt eige parti. Når ein først vedtar i jordbruksmeldinga at inntektsgapet mot andre grupper skal reduserast, og så begynner å diskutere prosent, så blir det tøysete. Ein må snakke om kroner. Når bøndene skal betale låna, så betalar dei ikkje i prosent, seier Kongshaug til Nationen.

Les også: Sp: – Venstre meinte 790 millionar kroner var for mykje pengar

Ramma Venstre går inn for vil ifølgje Bondelaget gi rundt 13.000 kroner i inntektsvekst per årsverk i jordbruket, medan andre grupper er venta å få 16.700 kroner.

Kongshaug, som i dag er leiar i storfeorganisasjonen Tyr, seier seg trygg på at ramma må opp i 790 millionar kroner for at bønder skal få same inntektsvekst som andre målt i kroner.

– Viss ein skal redusere inntektsgapet mot andre grupper, så trur eg nok det er rett at ein treng minst 790 millionar kroner. Eg er skuffa over alle dei som ikkje vil vere med å finne pengar i eit så stort budsjett til ei så viktig sak, seier Kongshaug.

Les også: KrF, Sp, Ap og SV vil ha ramme på 790 millionar kroner i jordbruksoppgjeret

– Dårleg løysing

Den tidlegare Venstre-talspersonen seier seg også skuffa over at Venstre argumenterer med at partiet skal vere «ansvarlege».

– Når inntekta til bøndene skal prioriterast, og så skal ein vere «ansvarleg», blir det etter mi oppfatning feil. Når ein har ei gruppe som ligg så langt etter andre, så kan ein ikkje seie at det er ansvarleg ikkje å gjere noko med det. Når ein har vedteke at bønder skal ha reelt høgare inntektsvekst enn andre, så blir det feil å snakke om måtehald og å vere ansvarleg, seier Kongshaug.

Les også: Furuberg om Venstre-forslaget: – Kan ikkje forhandle på det grunnlaget

Han seier det er eit spørsmål om å prioritere matproduksjon og om korleis landets skal sjå ut, og at det er snakk om relativt små summar opp mot eit budsjett på rundt 1200 milliardar kroner.

Kongshaug er skuffa over at Venstre braut forhandlingane med KrF, Sp, Ap og SV.

Les også: Sp: – Juks å framstille det som inntektspengar

Forslaget om å be partane sluttforhandle jordbruksoppgjeret basert på ei ramme og nokre føringar kallar han ei dårleg løysing.

– Viss Stortinget vil endre på oppgjeret, så bør ein vedta ei ramme og seie konkret korleis pengane skal brukast. Det er ikkje meir komplisert enn som så. Forslaget om å sende det tilbake til partane med ei ramme og nokre føringar er ei dårleg løysing, seier Kongshaug.

Les også: Kraftig kritikk mot Venstre frå andre opposisjonsparti

– Ueinig med Kongshaug

Det har ikkje lukkast Nationen å få kommentar frå landbrukspolitisk talsperson i Venstre, Pål Farstad, eller leiinga i Venstre.

Farstad skriv derimot på sine Facebook-sider at for høg ramme var årsaka til at Venstre braut ut av forhandlingane med KrF, Sp, Ap og SV.

I ein epost via kommunikasjonsavdelinga i Venstre seier stortingsrepresentant André N. Skjelstad seg ueinig med Kongshaug.

– Eg er ueinig med Kongshaug. Venstres forslag gir eit godt grunnlag for ein god økonomisk utvikling av norsk jordbruk i åra som kjem. Det gir ei betre innretning enn den sentraliseringspolitikken Sp og Ap har ønska. Det ville blitt svært vanskeleg å drive landbruk på Vestlandet, Nordland og i fjellbygder om Sp fekk bestemme, og desse partia har også lagt seg på eit uansvarleg nivå i pengebruken, skriv Skjelstad.

Les også: Frp roser Venstre for å bryte forhandlingane om jordbruksoppgjeret

Skjelstad har overfor Nationen også avvist at Venstre med forslaget bryt inntektsmålet som Stortinget har vedteke.

Vil ikkje godta høgare prisar

Skjelstad gir i eposten uttrykk for at det har vore viktig for Venstre å sikre eit godt og ansvarleg jordbruksoppgjer med styrking av små og mellomstore bruk og å sikre forhandlingsinstituttet.

Vidare skriv Venstre at oppgjeret ikkje skal medføre urimeleg høge prisar for forbrukar og dei viser til at i samtalane på Stortinget låg det òg inne auka målprisar i drøftingane.

– I tillegg til høgare prisar for forbrukarane vil ein slik politikk medføre overproduksjon som påfører bøndene store ekstra kostnader. Det er uakseptabelt for Venstre å vere med på, skriv Venstre i eposten.