Påmelding til sykurs - bli kjend med lappeteknikk
Handarbeidslaget inviterer til sykurs tre måndagar i oktober. Denne gongen vert det ei enkel innføring lappeteknikk - eit kurs som passar både dei som har sydd lite eller ingenting før, og dei som har sydd litt, men som er nysgjerrig på lappeteknikk.

Dei tre kurskveldane vil du bli kjend med teknikken log cabin. Vi skal kutte opp og sy saman ulike stoffbitar, applikere med symaskin, og har som mål at alle skal lage ein løpar.

Du treng symaskin og vanleg syutstyr. Skjæreutstyr kan du få låne.

Alle som melder seg på vil få meir informason når det nærmar seg.

Pris: 300 kr om du er medlem i handarbeidslaget Sans og Samling, 500 kr om du ikkje er medlem.

Medlemskap i Sans og Samling kostar 400 kr per år. Om du ønskjer å melde deg inn i samband med sykurset får du 100 kr rabatt på medlemsavgifta og betalar då 300 kr for kurset og 300 kr for medlemskapet, totalt 600 kr.

Påmeldingsfrist: onsdag 10/10.
Sign in to Google to save your progress. Learn more
Namn:
E-postadresse eller telefonnummer:
Pris:
Clear selection
Kommentar
Submit
Clear form
Never submit passwords through Google Forms.
This content is neither created nor endorsed by Google. Report Abuse - Terms of Service - Privacy Policy