Søndag la Ap, KrF, Sp og SV fram sitt felles opplegg for årets jordbruksoppgjer.

Partia er einige om ei økonomisk ramme på 790 millionar kroner. Det meste av påplussinga samanlikna med tilbodet frå regjeringa på 410 millionar kroner er i form av budsjettstøtte.

– Partia følgjer dermed opp jordbruksmeldinga med å sikre bøndene ei lik kronemessig inntektsutvikling som andre grupper, i motsetning til regjeringa og Venstre sitt opplegg som vil auke inntektsgapet, skriv partia i ei pressemelding.

Høgre og Frp har varsla støtte til Venstre-forslaget om 625 millionar kroner i ramme, som dermed får fleirtal på Stortinget.

Les også: Sp: – Venstre meinte 790 millionar var for mykje pengar

308 millionar meir på budsjett

Dei fire partia KrF, Ap, Sp og SV, som saman ikkje har fleirtal, vil samla auke overføringane over statsbudsjettet med 485 millionar kroner. Det er 308 millionar kroner meir enn i statens tilbod som regjeringa har sendt over til Stortinget.

Nationen får også opplyst at partia vil auke målprisane med 45 millionar kroner meir enn i statens tilbod. Resten av ramma er i form av ledige pengar og auka verdi av jordbruksfrådraget.

– Dei fire partia er einige om ei klar prioritering av distriktsjordbruket og dei små og mellomstore bruka, skriv dei fire partia, som også understrekar at dei vil sikre føreseielege vilkår for alle grupper av bønder.

Dei fire partia skriv at forhandlingsklimaet har vore godt, men dei beklagar at Venstre valde å bryte forhandlingane.

Les også: Furuberg: – Kan ikkje forhandle på det grunnlaget

KrF glad for løysing

KrF seier seg glad for at partia blei einige.

– Eg er veldig glad for at vi blei einige om ein god avtale for norsk jordbruk. Vi legg opp til kronemessig lik inntektsvekst som for andre grupper, styrking av distrikta og av små og mellomstore bruk. Vi legg opp til å reversere kutta til beiting på innmark og egg, kylling og svin kjem betre ut ved at det ikkje blir ein så kraftig prisauke på kraftfôr. Vi vil òg reversere kutta i arealtilskot. Det skal vere økonomi i å ha husdyr òg i kornområda, seier talsperson for KrF, Line Henriette Hjemdal, til Nationen.

Ho seier seg overraska over Venstre.

– Eg er overraska over at Venstre kunne forlate forhandlingsbordet for å få til ein dårlegare avtale med regjeringspartia. Det vi nå er einige om viser at påstandane som har kome om kva som låg på forhandlingsbordet var ei dårleg unnskyldning for Venstre til å snu og bryte. Venstre har framleis sjansen til å sikre fleirtal for eit godt oppgjer for norsk landbruk, seier Hjemdal og inviterer med det Venstre til å støtte opplegget frå KrF, Sp, Ap og SV.

Les også: Frp roser Venstre for å bryte forhandlingane om jordbruksoppgjeret

– Alternativet dykkar reduserer vel ikkje inntektsgapet, slik målet er?

– Nå løfter vi ramma opp til same kronemessig utvikling. Så ligg det moglegheiter i marknaden som bøndene sjølv kan ta ut, seier Hjemdal.

– Beklageleg at Venstre hoppa av

Hjemdal vedgår at forslaget til Venstre ser ut til å få fleirtal.

– Det kan sjå slik ut, men vi får sjå kva som skjer på fredag, seier ho.

At Venstre, med støtte frå regjeringspartia, vil be partane sluttføre forhandlingane om årets jordbruksoppgjer kommenterer ho slik:

– Vi var klar til å sluttføre årets oppgjer. KrF har sagt at vi vil ha same kronemessig utvikling som for andre grupper. Det er beklageleg at Venstre hoppa av, seier Hjemdal.

Les også: Kraftig kritikk mot Venstre frå andre opposisjonsparti

– Vil prioritere vest og nord

Leiar i næringskomiteen på Stortinget, Geir Pollestad (Sp), seier som Hjemdal at dei var førebudde på å slutteføre jordbruksoppgjeret på Stortinget.

– Vi var klar til å sluttføre oppgjeret på Stortinget, men når Venstre hoppar av og vil ha ein modell der partane skal forhandle, så vil vi i respekt for prosessen ikkje legge fram ei detaljert oversikt over korleis vi ville fordelt auken i tilskota, seier Pollestad til Nationen.

Han seier derimot at ei kraftig auke i driftstilskotet til bruk med mjølk og ammekyr ville vore ein viktig del av opplegget.

– På den måten løftar vi i botn, med ei klar prioritering av Vestlandet og Nord-Norge, der vi ser at utfordringane er store. For å oppnå god effekt på både distrikt og struktur så er det der vi må setje inn pengane. I tillegg vil vi hindre at enkeltbruk får store utslag, seier Pollestad.

Han seier dei fire partia blant anna vil ha lågare vekst i kraftfôrprisen enn det regjeringa la opp til.

– Det ville bli vekst i kraftfôrprisen òg med vårt opplegg, men på langt nær så mykje som regjeringa la opp til, seier Pollestad og viser til at regjeringa la opp til 12 øre meir per kilo.

– Venstres store problem

Pollestad seier ramma må opp i 790 millionar kroner viss ein reelt skal klare å få til ein distriktsprofil på jordbruksoppgjeret.

– Det håper eg Venstre òg innser. Venstre delar vårt mål, men dei vil bruke verkemidla til Frp. Det som er Venstres store problem er at det går ikkje i hop. Det er derfor dei har bløffa så mykje om opplegget vårt. Det blir ikkje betre å vere bonde i Sogn og Fjordane om det blir verre å vere bonde i Østfold. Det trur Venstre, men det trur ikkje vi, seier Pollestad.

Les også: Sp: – Juks å framstille det som inntektspengar

La fram liste med punkt

I pressemeldinga skriv dei fire partia at dei blant anna er einige om følgjande:

- Ei kraftig styrking av dei små og mellomstore bruka gjennom auka driftstilskot. I tillegg ber vi om at det utgreiest og utformest ei eiga ordning for bruk som driv på dei mest krevande areala (driftsvansketilskot).

- Ei særleg satsing på mjølkebruka på Vestlandet.

- Reversering av regjeringas kutt til beitetilskot og styrkar samtidig utmarksbeite.

- Ei miljøsatsing gjennom ulike miljøprogram og auke i satsane for økologisk produksjon. Tilskota til drenering bør doblast frå dagens nivå på 1000 kroner til 2000 kroner per dekar.

- Styrking av velferdsordningane og satsing på å sikre veterinærtilgangen i distrikta.

- Styrking av kornøkonomien på ein måte som ikkje går ut over dei kraftfôrkrevande produksjonar i så stor grad som regjeringas forslag.

- Styrking av frakttilskota.

- Ei satsing på kjøttproduksjon for å auke sjølvforsyninga av storfekjøtt og utnytte grasareala i distrikta.

Les også: Slik slår statens tilbod ut for snittbonden

Oppbygginga av ramma

Forslaget frå dei fire partia om ei ramme på 790 millionar kroner er bygd opp ved 485 millionar kroner i budsjettstøtte, 195 millionar kroner i målprisauke, 79 millionar kroner i overførte midlar og 31 millionar kroner i auka verdi av jordbruksfrådraget.

Målprisveksten på 45 millionar kroner utover det som ligg i statens tilbod er ifølgje Pollestad knytt til to øre meir i auka målpris på mjølk medan resten er 15 millionar kroner i større målprisuttak på frukt, grønt og poteter.

Har kvar sine hjartesaker

Dei fire partia skriv i pressemeldinga også kva saker som har vore viktigast for dei å prioritere.

– For Arbeiderpartiet har det vore viktig å følge opp dei løfta vi ga i jordbruksmeldingen særleg om å redusere inntektsgapet og skape flere jobbar i heile landet. Det legg forslaget fra dei fire partia, saman med ei god marknadstilpasning, eit godt grunnlag for, seier Knut Storberget (Ap).

– Kristeleg Folkeparti har vore opptatt av å sikre kronemessig lik inntektsutvikling og å sikre næringa forutsigbarhet ved å reversere regjeringas forslag til kutt i beite og den kraftige auken av kraftfôrprisen, seier Line Henriette Hjemdal (KrF).

Les også: KrF: – For lite til å gjennomføre politikken til Stortinget

– Senterpartiet har vore opptatt av å gi oppgjeret ein tydeleg distriktsprofil og satsing på alle typer bruk i heile landet. Vi gjer nå grep som særleg vil løfte dei små og mellomstore bruka. I tillegg er det ei klar satsing på jordbruket på Vestlandet og Nord-Norge, seier Geir Pollestad (Sp).

– For SV har klima, miljø, økologi og betre kår for dei mindre bruka vore avgjerande. Det legg vi opp til gjennom ei satsing på miljøtiltak og økologisk produksjon, god distriktsprofil og ei ekstra ordning for dei minste sauebrukene, sier Torgeir Knag Fylkesnes (SV).

Dei fire partia skriv at detaljane rundt det dei er einige om vil bli presentert når innstillinga frå næringskomiteen blir lagt fram måndag 12. juni.