Fredag legg regjeringa høgst sannsynleg fram fleire forslag til endringar av konsesjonsloven og priskontrollen for landbrukseigedom. Detaljane i framlegget frå regjeringa er framleis ikkje kjent, men tunge aktørar i jordbruket åtvarar kraftig mot at forslaga som regjeringa sende ut på høyring i sommar i praksis vil undergrave loven.

– Vi får sjå kva som kjem, men forslaga i førre runde var så omfattande og alvorlege at dei i praksis vil underminere heile konsesjonsloven. Vi ser kva som skjer i naboland der jord og skog blir samla på få hender og selskapsjordbruket er på sterk frammarsj. Forslaga som blei lagt fram i sommar er eit takk og farvel til familiejordbruket og den sjølveigande bonden. Vi vil aldri gi oss i denne saka. Dette må Stortinget stoppe, seier generalsekretær i Norges Bondelag, Per Skorge.

– Kan omgå loven

Forslaget om å fjerne konsesjonsplikt ved kjøp etter fem års leigetid vil ifølgje Bondelaget gjere at loven i realiteten blir oppheva.

– Det vil legge til rette for at utbyggarar enkelt kan omgå loven, seier Skorge.

Les også: Refsar forslag om fritt kjøp av leigejord

Konsesjonsfri kjøp av tilleggsjord frå tilgrensande eigedom vil ifølgje Bondelaget opne for urasjonell eigarstruktur og at eigarar av store utmarkseigedomar fritt kan kjøpe opp alt rundt.

Les også: Milliardær kjøper opp jord og kvote

Bondelaget kan likevel støtte unntak frå konsesjonsplikt på visse vilkår.

– Vi føreslår ei grense på 300 mål dyrka jord eller 3000 mål produktiv skog. Har kjøparen meir, må kjøpet til ordinær konsesjonsbehandling. Utan ei slik innramming må dagens reglar behaldast, seier Skorge, som òg åtvarar mot å fjerne priskontrollen på reine skogeigedommar.

– Ein kan ikkje lage eit skilje mellom jord og skog. Det kan lett føre til ei frådeling eller at jorda gror att. Det vil svekke ressursgrunnlaget. Det har alltid vore kombinasjonen av ressursar som har skapt grunnlag for drift og busetting, seier Skorge.

Les også: Trur frislepp gir oppsplitting og attgroing

Skorge ventar at Stortinget set ein stoppar for forslaga.

– Venstre har historisk stilt seg bak konsesjonsloven og verdigrunnlaget og for KrF er familiejordbruket like opplagt. Alle parti har vore klare på at dei vil ha ein variert bruksstruktur. Vi har klare forventingar til at Stortinget legg opp eit løp som ikkje underminerer konsesjonsloven, seier Skorge.

Les også: Spår vill prisvekst og svekt jordvern

KrF varslar motstand

KrF seier det er viktig å behalde konsesjonsloven og varslar motstand mot større endringar.

– Det overordna spørsmålet er om samfunnet skal ha kontroll og innflyting over omsetning av landbrukseigedom. Vårt svar er eit klart ja, seier talsperson for KrF, Line Henriette Hjemdal.

Ho seier høyringsrunden viser at det er behov for ein større heilskapleg gjennomgang før det blir gjort endringar som kan ha store konsekvensar.

Les også: KrF vil tette jord-smutthol

Hjemdal varslar at KrF vil gå imot å heve arealgrensa for konsesjon, buplikt og odel frå 25 til 35 mål dyrka jord.

– Vi vil behalde grensa på 25 mål. Vi vil ikkje ha fritak for konsesjon for leigd jord eller for tilgrensande eigedommar. Høyringa har vist kor vanskeleg og problematisk det vil vere å finne fornuftige avgrensingar, seier Hjemdal.

Les også: Sp: – Lagar smutthol så store som ei låvedør

Åtvaringar mot ei utholing av loven kommenterer ho slik:

– Det er ei utvikling som ikkje er tenleg for landet. Regjeringa går i ein heilt annan retning enn KrF på ein del område. Vi er for priskontrollen og konsesjonsloven. Regjeringa er for å oppheve begge delar, seier Hjemdal.

Venstre: – Vi er garantist

Pål Farstad i Venstre seier dei tek åtvaringane og motstanden i høyringsrunden på stort alvor.

– Vil de gå imot fritt kjøp etter fem års leige?

– Det vil eg ikkje forskotere. Vi får sjå kva som kjem, seier han.

Han seier Venstre har ønska å heve innslagspunktet til 35 mål, men seier det er «sabla viktig» å behalde loven.

– Vi er garantist for loven, seier Farstad, som seier ein må passe på at det ikkje er utilsikta verknader som i praksis vil undergrave loven.