Etter eit møte mellom Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag tysdag er det klart at jordbruket vil gå i forhandlingar med staten om å fordele den auka ramma som er signalisert frå fleirtalet på Stortinget.

– Jordbruket vil følge opp vedtaket til Stortinget og vere med på fordelingsforhandlingar, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.

Les også: KrF skuldar Venstre, Høgre og Frp for løftebrot

Reetablerer forhandlingsutvalet

Bartnes vart tysdag på ny oppnemnd som leiar i jordbrukets forhandlingsutval.

Det skjedde ein månad etter at forhandlingsutvalet la ned verva som følgje av brotet i dei ordinære jordbruksforhandlingane, som blei avslutta den 16. mai.

Leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Merete Furuberg, er oppnemnd som nestleiar i jordbrukets forhandlingsutval.

Les også: Analytikar: – Eit nytt opptrappingsvedtak

– Håper på gjennomslag

Bartnes seier vidare framdrift i fordelingsforhandlingane ikkje er avklart.

– Korleis ser de på prosessen de nå skal inn i?

– Vi går inn i det vidare løpet med sikte på å få gjennomslag for våre prioriteringar. Vi håper å få gjennomslag, seier Bartnes.

– Kva er dykkar prioriteringar?

– Det jobbar vi med. Det er for tidleg å seie, seier Bartnes.

Les også: Dale: – Inntektsmålet er meint i prosent

Går inn i ukjent farvatn

Bartnes seier det for begge partar er viktig med avklaringar for korleis det vidare løpet skal gjennomførast.

– Det er ein grad av ukjente rammer for denne typen fordelingsforhandlingar, seier han.

– Dette er nytt farvatn?

– Tilbake på 80-talet var det tilfelle der forhandlingane var delt mellom rammeforhandlingar og fordelingsforhandlingar, men situasjonen vi står i nå er ein ny situasjon. Det er viktig å få avklaringar om rammene før vi startar, seier Bartnes.

– Ikkje ein god følelse

Leiar i Småbrukarlaget, Merete Furuberg, kommenterer situasjonen slik:

– Vi må følgje stortingsvedtaket i eit demokratisk land. Ramma vi skal fordele er på 625 millionar kroner. Det er ikkje ordinære forhandlingar, det er fordelingsforhandlingar, seier Furuberg.

Les også: Bondetoppar seier det ikkje vil bli reelle forhandlingar

– Korleis ser du på denne situasjonen?

– Det er ikkje ein god følelse å rydde opp etter stortingsfleirtalet og Venstre, og at det vart så rotete det heile. Målet vårt var å følgje opp inntektsmålet Stortinget vedtok om at inntektsgapet skal reduserast. Med dei rammene vi nå har så aukar gapet rett og slett, men vi skal gjere jobben med å fordele den ramma Stortinget vil ha, seier Furuberg.

Les også: Venstre-forslaget får fleirtal - halverer veksten i kraftfôrprisen

– De gjer det med ein bismak?

– Det er det. Vi må fordele ein pengemengde vi er ueinige i. Viss vi skal redusere gapet, så måtte vi hatt minst kronemessig lik utvikling. Det var det ganske mange parti som støtta, men vi skal gjere jobben og gjere det beste ut av det, seier Furuberg.

– Ramma er fastsett

Statens forhandlingsleiar, Leif Forsell, sa måndag til Nationen at fordelingsforhandlingane vil skje på bakgrunn av ei ramme på 625 millionar kroner og i tråd med merknadene frå Venstre. Han avviste at ramma kan aukast i forhandlingane.

– Ei ramme som er fastsett av Stortinget, er fastsett av Stortinget. Partane skal gjennomføre vedtaket til Stortinget, sa Forsell.