Torsdag kveld braut forhandlingane mellom Venstre, KrF, Ap, Sp og SV om jordbruksoppgjeret saman.

Ifølgje leiar i næringskomiteen, Geir Pollestad (Sp), var det Venstre som braut forhandlingane fordi dei ikkje ville auke ramma for oppgjeret opp mot 790 millionar kroner.

– Venstre braut forhandlingane. Dei meinte 790 millionar kroner var for mykje pengar. Venstre har gått bort frå politikken som ligg i jordbruksmeldinga, seier Pollestad til Nationen.

LES OGSÅ: Jordbrukssamtalene på Stortinget brøt sammen

– Var ikkje vilje i Venstre

Stortinget vedtok i april eit inntektsmål der det heiter at inntektsgapet mellom bønder og andre grupper skal reduserast. Ramma i statens tilbod, som blei sendt til Stortinget for behandling etter brotet i jordbruksforhandlingane, er på 410 millionar kroner. Det gir rundt 8000 kroner per årsverk i inntektsvekst i jordbruket. Andre grupper er venta å få 16.700 kroner i inntektsvekst.

For å kome opp på nivå med inntektsveksten for andre grupper må ramma for jordbruksoppgjeret aukast til 790 millionar kroner viser utrekningar. Så langt var ikkje Venstre villige til å strekke seg, ifølgje Pollestad.

– Vi var villige til å gå ned til 770 millionar kroner for å imøtekome Venstre, men det var ikkje vilje i Venstre til å finne løysingar, seier Pollestad.

LES ALT OM JORDBRUKSOPPGJØRET HER!

– Er ikkje til å stole på

Pollestad seier Venstre nå jobbar med si eiga løysing som han trur dei håper å få fleirtal for i lag med Høgre og Frp.

Pollestad seier seg overraska over at Venstre braut forhandlingane med dei andre opposisjonspartia.

– Vi opplevde at Venstre var ombord, men plutseleg så snudde dei. Dette stadfestar berre at Venstre ikkje er til å stole på, verken i forhandlingssituasjonar eller opp mot kva dei var med på i jordbruksmeldinga, seier Pollestad.

Jobbar med alternativ

Ifølgje Pollestad vil KrF, Sp, Ap og SV forhandle vidare for å leggje fram ein alternativ politikk.

– Vi vil leggje fram eit alternativ slik at det blir tindrande klart at Venstre valde vekk ein offensiv jordbrukspolitikk, og som viser at Venstre ikkje ville vere med på ei satsing på små og mellomstore bruk eller ei satsing på distrikta, seier Pollestad.