Torsdag kveld vart det klart at Venstre bryt forhandlingane med KrF, Ap, Sp og SV om årets jordbruksoppgjer.

Ifølgje Geir Pollestad (Sp), leiar i næringskomiteen på Stortinget, var årsaka at Venstre meinte det var for mykje å auke ramma til 790 millionar kroner. Det er nivået som skal kunne gi bønder same inntektsvekst som andre grupper målt i kroner per årsverk.

Det har ikkje lukkast Nationen å få kommentar frå Venstre fredag føremiddag.

Frp-glede over Venstre-brot

Talsperson for Frp, Morten Ørsal Johansen, roser Venstre for å bryte forhandlingane med dei andre opposisjonspartia.

– Venstre viser ansvar ved å kome tilbake til sine samarbeidspartnarar for å finne gode løysingar. Det set vi pris på. Det er sporty og tøft gjort. Det viser at dei tar ansvar, seier Johansen til Nationen.

– Du er glad for det som har skjedd?

– Ja, eg er veldig nøgd med det. Venstre viser at dei vil samarbeide med sine samarbeidspartnarar og dei tar ansvar for å få eit godt oppgjer, seier Johansen.

Ber om Frp-fullmakt

Venstre har varsla at dei vil legge fram eit eige forslag til løysing der jordbruksoppgjeret blir sendt tilbake til regjeringa for vidare forhandlingar med partane med ei auka ramme og enkelte føringar for innhaldet.

Stortingsgruppa til Frp møtest for å drøfte situasjonen fredag føremiddag.

– Eg skal be om fullmakt til å lande jordbruksoppgjeret på ein fornuftig måte, seier Johansen.

– Har de forhandla med Venstre om ei løysing?

– Vi har prata i saman, men det har ikkje vore formelle forhandlingar, seier Johansen.

Høgre avventar Venstre-alternativ

Regjeringspartia har tidlegare varsla at dei vil støtte statens opphavelege tilbod, som er sendt over til Stortinget. Der er ramma på 410 millionar kroner, som gir rundt 8000 kroner i inntektsvekst per årsverk.

Les også: Tilbyr bønder halvparten av andres inntektsvekst

Spørsmålet er nå om regjeringspartia og Venstre finn i saman om ei alternativ løysing.

Saksordførar for jordbruksoppgjeret på Stortinget, Ingunn Foss (H), skriv i ei tekstmelding til Nationen at dei avventar og ser kva som kjem frå Venstre.