Etter brotet med dei andre opposisjonspartia torsdag kveld la Venstre fram eit eige forslag til løysing i jordbruksoppgjeret fredag ettermiddag.

Vil ha ramme på 625 millionar kroner

Venstre føreslår at ramma for oppgjeret blir auka frå 410 millionar kroner, som var statens opphavelege tilbod, til 625 millionar kroner. Auken skal finansiert med friske budsjettpengar.

I tillegg vil partiet fordele 130 millionar kroner frå eigenkapitalen i Landbrukets utviklingsfond.

Les også: Sp: – Venstre meinte 790 millionar var for mykje pengar

– Venstres forslag til jordbruksoppgjer gir godt grunnlag for ei god økonomisk utvikling av norsk jordbruk i åra som kjem, skriv Venstre i ei pressemelding.

Vil ha nye forhandlingar

Med den auka pengepotten som utgangspunkt føreslår Venstre at oppgjeret skal sendast tilbake til partane i jordbruksoppgjeret for sluttføring.

– Det er viktig for Venstre å sikre inntektsutvikling for bøndene, spesielt dei som har små og mellomstore bruk, samtidig som vi er ansvarlege. Det oppnår vi med dette forslaget, som vi håper fleire kan slutte seg til, seier leiar i Venstre, Trine Skei Grande, i ei pressmelding.

Les også: Frp trur på avtale med Venstre etter brotet

Ifølgje Venstre-leiaren vil det føre til at eit betre oppgjer enn 3 av dei 4 siste oppgjera med Sp i regjering.

Legg inn føringar

Venstre vil også legge nokre føringar på innretning av oppgjeret. Dei skriv at ein innanfor dei auka rammene ber dei partane prioritere følgjande:

- Styrke grunnlaget for beiting på innmark

- Fortsatt stimulere potetspritproduksjon

- Prioritere utviklingsprogrammet for å stimulere tilleggsnæringer / lokalmat og legge til rette for landbruksbasert reiseliv

- Vidareføre økologisatsinga

- Gode moglegheiter for investeringar i bygg og jord

- Intensivere klima- og miljøarbeidet, blant anna ved bruk av meir tre i bygningar og styrking av dreneringsmoglegheiter

Usikker på effekt per årsverk

André N. Skjelstad, stortingsrepresentant for Venstre frå Nord-Trøndelag, seier Venstre ikkje har rekna på kor mykje ramma dei føreslår vil utgjere i kroner per årsverk for bøndene.

– Vi har ikkje finrekna på det. Vi seier dette er ramma, altså 625 millionar kroner, og så har vi dei 130 millionane i tillegg, så får partane setje seg ned og drøfte, seier Skjelstad til Nationen.

Set rammar for regjeringa

Skjelstad seier det kunne gått ut over forhandlingsinstituttet om dei hadde gjort meir enn det dei nå føreslår.

– Det vil vere å utfordre forhandlingsinstituttet viss vi begynner å seie meir enn det vi gjer. Vi set ei ramme og nokre føringar, så får partane forhandle. Vi på Stortinget skal ikkje leggje alle føringar, seier han.

– Er føringane noko partane må halde seg til?

– Ja, føringane er spesielt retta mot regjeringa. Vi trekk fram noko av det viktige vi meiner må med. Vi vil framleis ha tilskot til beiting på innmark. Vi vil ikkje bidra til at jord gror att. Det betyr òg ein del for reiselivet. Og så seier vi litt om klima og miljø. Vi ønsker meir bruk av tre og styrking for drenering, seier Skjelstad.

Les også: Frp roser Venstre for å bryte forhandlingane om jordbruksoppgjeret

Vil vente med målpriskutt

Skjelstad trekkjer òg fram at Venstre vil utsetje avviklinga av målprisen for svin med minst eitt år, og at partiet også vil ha det som ei føring for forhandlingane.

– Vi meiner det er fornuftig å gi næringa tid til å omstille seg. Å vente med volummodellen på svin ligg ikkje inne på lista vi har sett opp, men vi vil ta det også opp med regjeringa for å få det inn som ei føring. Lista er ikkje utømmeleg, seier Skjelstad.

Les også: Nortura varslar om 110 millionar i tap for svinenæringa

– Kva med Opplysningskontora?

– Vi seier ingenting om det her. Vi legg nokre føringar. Skulle vi lagt alle føringar ville vi gripe inn i forhandlingsinstituttet. Det ønsker vi ikkje å gjere, seier Skjelstad.

– Betyr ikkje det at de gir grønt lys til å avvikle finansieringa av Opplysningskontora?

– Nei, eg sa ikkje det. Viss vi gjekk så detaljert inn, så ville vi gripe inn i forhandlingsinstituttet. Det ønsker vi ikkje å gjere, seier Skjelstad.

Avviser å bryte inntektsmålet

Skjelstad avviste tidlegare fredag overfor Nationen at Venstre bryt inntektsmålet til Stortinget når dei går inn for ei ramme som er lågare enn det som må til for å gi bøndene same inntektsvekst som andre grupper målt i kroner.

Ifølgje Skjelstad vil forslaget til Venstre kome særleg små og mellomstore bruk til gode.

– Dette gjer vi fordi dette vil gagne spesielt små og mellomstore bruk, som det er mange av til dømes på Vestlandet. Vi vil heller ikkje ha auka målprisar som kan skape overproduksjon eller gi auka prisar for forbrukarane, seier Skjelstad.