Brita Skallerud er føreslått bytta ut som andre nestleiar i Norges Bondelag etter åtte år. Det går fram av innstillinga til nytt styre i Bondelaget, som vart offentleggjort tysdag ettermiddag.

Fylkesleiar Frøydis Haugen i Hordaland er føreslegen som ny andre nestleiar, og Lars Petter Bartnes og Bjørn Gimming er innstilte attvalde som leiar og fyrste nestleiar.

Skallerud har gjort det klart overfor Nationen at ho sjølv ønskte å halde fram som nestleiar og har stilt seg til disposisjon for ein ny periode.

Akershus Bondelag, som er Skallerud sitt fylkeslag, ønskte også at Skallerud skulle sitje lenger. Det seier fylkesleiar Sigurd Enger.

– Meldinga vår til valnemnda var at vi støtta Brita. Vi har innstilt på henne og ser ingen grunn til å byte henne ut. Det er litt overraskande for oss at ho vert vraka av valnemnda, seier han til Nationen.

Skallerud har framleis ikkje teke stilling til om ho likevel vil stille til val og ta ei kampvotering om vervet som andre nestleiar under årsmøtet i Bondelaget 14.–15. juni.

– Eg må ta ei heilskapleg vurdering, seier ho.

Ved ei eventuell kampvotering, vil ho ha eige fylkeslag i ryggen.

– Dersom det vert ei slik sak, vil vi framleis støtte Brita, seier fylkesleiar Enger.