Det var Venstre som før jul fremja representantforslag om å styrke jordvernet. Det skjedde i etterkant av debatten rundt Ikea si bygging i Vestby kommune. Venstre foreslo også å stoppe vedtekne utbyggingsprosjekt medan den nye strategien vart lagt, men det fekk dei ikkje fleirtalet i næringskomiteen med på.

– Vi er svært godt nøgde med at Stortinget no står samla om at jordvernet må styrkast, seier Venstres landbrukspolitiske talsperson Pål Farstad.

– Det er den beste matjorda som stadig er under utbyggingspress, og over tid har vi sette ein bit for bit-forvalting av matjord. Det fører til at jord som burde vore brukt til matproduksjon blir brukt til andre føremål, seier Farstad.

Arbeidarpartiets landbrukspolitiske talsperson Knut Storberget seier han er svært nøgd med at komiteen samla seg om Aps forslag om å be om ein strategi for jordvern og ikkje ein plan.

– Vi ber til dømes regjeringa sjå om det finst positive tiltak som vil gjere at det svarar seg for kommunane å ta vare på matjorda når dei disponerer landressursane, seier Storberget.

Som døme på slike positive tiltak meiner han for eksempel tilskott til bygging av lokal infrastruktur der det vil berge matjord.

– Denne saka er eit godt eksempel på at det landbrukspolitiske fleirtalet blir forma i Stortinget. Landbruksministeren ville ikkje ta grep for å spare matjord, no ber Stortinget ho gjere det, seier Storberget.

– Dette er ein stor siger for jordvernet og viser at næringgskomiteen tenkjer i generasjonsperspektiv, seier næringspolitisk talskvinner for KrF, Line Henriette Hjemdal i ei pressemelding.

I Norsk Landbrukssamvirke ser dei vedtaket i Stortinget i lys av måla om at norsk matproduksjon skal aukast. Dei meiner Stortinget hadde valet mellom lokale utbyggerinteresser eller nordmenns mattryggleik.

– Det er ikkje mogleg å auke norsk matproduksjon utan et sterkare jordvern. Stortinget har i dag gitt regjeringa klar beskjed om at det nasjonale behovet for trygg mat og vår mattryggleik overstyrer lokale entreprenørar og kortsiktig næringsomsyn, seier Eirik Nedrelid, kommunikasjonssjef i Norsk Landbrukssamvirke.

Han viser til at krisa mellom Russland og Ukraina, to av verdas leiande korneksportører, har vist kor sårbar verdsmarknaden for matforsyning er. På råvarebørsen steg prisen på korn med 5 prosent då krisa var eit faktum.

– Den internasjonale matmarknaden er sårbar og vil bli utfordra i framtida. Regjeringas satsing på norsk matproduksjon må sjåast i lys av dette, seier Nedrelid