Tysdag møttest EU og Noreg til eit fyrste forhandlingsmøte for ein ny avtale om liberalisering av landbruksvarehandelen. Det vart ikkje lagt fram konkrete krav under møtet.

– Delegasjonane drøfta utviklinga i handelen mellom Noreg og EU og diskuterte rammene for dei vidare forhandlingane. Det vart ikkje lagt fram konkrete krav, seier kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad i Utanriksdepartementet.

EU- og EØS-minister Vidar Helgesen (H) har tidlegare sagt til Nationen at regjeringa ville vente på det fyrste møtet med og krava frå EU før ho handterte det norske mandatet.

– Vi har forstått på EU-sida at dei kan ha behov for fleire rundar med medlemsstatane før dei har sine konkrete krav klare, seier han no.

Omfang og ambisjonar

Daniel Rosario, som er EU-kommisjonens pressetalsperson for landbruk og rural utvikling, skriv i ein e-post at den fyrste runden av samtalar var konsentrert rundt det generelle omfanget og ambisjonane for ein framtidig avtale. I tillegg la begge sidene fram oppdaterte landbruksstatistikkar.

– Som det vert gjort etter kvar forhandlingsrunde, vil kommisjonen rapportere tilbake til medlemslanda om resultatet av diskusjonen, skriv Rosario.

Ifølgje det norske Utanriksdepartementet var det ingen store gap mellom statistikkane dei to partane la fram.

Ingen ny dato

EU-medlemslanda ferdigstilte i november 2014 EU-kommisjonens mandat for forhandlingane med Noreg.

Rosario stadfestar då at kommisjonen ønskjer å kome til ein balansert avtale som fører til ytterlegare liberalisering av den bilaterale handelen med landbruksvarer med Noreg. Kommisjonen ser det også som nødvendig «å løyse den pågåande tollsaka», som gjeld tollen på nokre typar ost og kjøt inn til Noreg.

Helgesen (H) har fortalt Stortinget at den norske regjeringa ventar «omfattande og offensive krav frå EU» – og krav som truleg vil gjelde sensitive produkt for Noreg.

– Mange har interesse

Det er førebels ikkje sett nokon ny dato for neste forhandlingsmøte.

Helgesen (H) veit ikkje kva EU-land det er som har størst interesse av forhandlingane med Noreg.

– Nei, men det at EU no må tilbake og handsame sitt mandat etter møtet med oss, tyder på at det er ganske mange som har interesse av forhandlingane med Noreg, seier han.